Musikk - Verda i Mellomkrigstida

[Historie] [Norsk] [Kunst og design] [Musikk] [Oppgåver] [Elevarbeid]

VIKTIGE HOVUDMOMENT FOR PERIODA:

Impresjonismen i klassisk musikk
Impresjonismen starta i fransk målarkunst i siste halvdelen av 1800-talet, men påverka musikken på 1900-tallet i stor grad. Den franske komponisten Claude Debussy vert rekna som skapar for impresjonismen i musikken og var inspirert både av biletkunstnarar og diktarar frå denne epoken. Han ville  at musikken skulle fri seg frå gamle reglar og normer. I staden prøvde  han å få fram stemningar og naturinntrykk i musikken, slik som vi kan  høyre i hans kanskje mest kjente musikkstykke Clair de lune der han til dømes skildrer måneskinsstemning på ein veranda.

Maurice Ravel høyrer og med blant impresjonistane


Debussy  var inspirert
av Monet sin kunst

Andre klassiske retningar som har prega mellomkrigstida:
Neoklassisismen (ny-klassisismen) var ein retning i 1920-åra som tok avstand frå nyromantikken som t.d. Claude Debussy stod for.  Denne retningen søkte tilbake og var inspirert frå musikken på 1700-tallet og enda tidlegare. Til dømes musikk av  Bach.
Igor Stravinsky og Sergej Prokofjev var representantar for neoklassisismen.

Her  er eksempel på andre komponistar som stod for ulik påverkning i musikken:
Jean Sibelius hadde både ein romantisk periode, ein klassisk periode og var i stor grad påverka av finsk folkemusikk
Dimitry Sjostakovitch tilhøyrer modernismen
Arnold Schönberg vart rekna som opphavsmann til tolvtone-teknikken.
Richard Strauss tilhøyrer seinromantikken
Bela Bartok sine komposisjonar var påverka av ungarsk folkemusikk

Jazz
Jazzen har sin bakgrunn i den song og musikken som dei mange afrikanske negerslavane brakte med seg til Amerika på 1700-talet og gjennom den kunne dei døyve opprørstrongen og finne trøyst i sitt uverdige liv. Frå 1920-åra vart Jazzmusikken datidens pop- og dansemusikk med utgangspunkt i New Orleans og som spreidde seg vidare i Amerika både blant svarte og kvite.
 
Kjende namn er Joe "King" Oliver , Louis Armstrong , Benny Goodman , Duke Ellington og Ella Fitzgerald

Lytt til Hello Dolly med Louis Armstrong.

Jazz-sidene inneheld oversikt over tradisjonell jazz (1920-åra), Swing-jazz (1930-åra), Bebop (1940-åra)

Klikk på bilete for å sjå ein større orginalversjon!
Louis  Armstrong


Blues
Mange trur at all musikk som går seint og høyrest trist og vemodig ut er blues. Bluesen er nok meir avgrensa enn som så. Den er ein sjanger innanfor den afroamerikanske folkemusikken og eit steg i utviklingen mot jazzen og har sin eigenart både når det gjeld harmoniar, takt og rytme. Karakteristisk ved bluesen er dei "blå tonane", dette er tonar som ligg litt over eller under den vanlige skalaen som vert brukt.

Blues-siden gir deg meir informasjon

Musikal
I USA vart dei første musikalane framført i mellomkrigstida. Dei mest  kjende er 'Showboat' av Kern og Hammerstein(1927) og Porgy and Bess av George Gerschwin i (1935), som begge var inspirert av musikkformer som jazz  og ragtime. Lytt til den kjende songen Ol' man River frå Showboat. Teksten har du her.

Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av denne

 

Filmmusikk
Vi tenkjer ofte ikkje over kva rolle musikken i filmane har. Musikk ligg i bakgrunnen og har masse effektar utan at vi tenkjer over det. Dette kan du lese meir om her.

Oversikt over ein del filmmusikk-komponistar m.a. frå mellomkrigstida og kva filmar dei har laga musikken  til.


Erich  Wolfgang Korngold laga
musikken til denne filmen i 1938

[Same periode Norge]

Google

[Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker]

Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør:
Åshild Støbakk
Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04