|
|
 |
|
VIKTIGE HOVUDMOMENT FOR PERIODA:
Første verdskrigen med sin skyttargravskrig og massedrap
sette djupe spor i menneska som hadde opplevd dette. Det som hadde hendt påverka diktinga til mange av dei unge forfattarane i mellomkrigstida. Men ikkje berre krigen, også dei andre politiske omveltingane i perioden, sette spor etter seg i kulturlivet. (sjå t.d. under historie og kunst)
Under og etter første verdskrigen veks det fram ei kunstretning som ein kallar modernismen.
Modernismen kjem til uttrykk innan mange kunstretningar. Også innan litteraturen. Det kan vera emna forfattarane tok opp i det dei skreiv eller måten dei
uttrykte seg på.
Modernismen har sitt gjennombrot i utlandet - først og fremst i Europa. Det er først etter andre verdskrigen at denne retninga slår gjennom i Norge.
Vi skal likevel legge merke til at mange av forfatterane skriv på tradisjonelt vis. Både romanar og lyrikk.
|
|
|
 |
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Dadaismen: I 1916 møtest ei gruppe unge kunstnerar i Zurich. Den rumenske diktaren Tristan Tzara var ein av leiarane for gruppa. Dei kalla seg Dada. Dei såg på første verdskrig som noko utanfor all fornuft, og som dei protesterte mot. Alle dei vedtekne verdiar var ikkje
meir og dei harselerte over det som andre meinte var verdifult.
Dei las eigne dikt - gjerne i munnen på kvarandre. Orda kunne vera nokså uforståelege: ”Shalaben shalabei shalametzomai”
|
|
 |
|
Dadaistgrupper dukka opp i andre byar og Paris vart etterkvart staden for dadaismen.
Det var for det meste forfatterar og malarar som var dadaistar.
Av malarane er Marcel
Duchamp dem best kjende. (Sjå
kunst og design)
Sjølv om dadaistane protesterte mot krigen som hadde vore så var dei ikkje ei politisk rørsle. Dei var ei gruppe kunstnarar som tok i bruk svart humor, fantasi og latter som våpen. Skal ein prøve å tidfeste
gruppa så kan ein snakke om ei dadarørsle i perioden 1916-1922.
|
 |
|
Frå mellomkrigstida kjenner vi mange forfattarar. Både dei som var modernistar og dei som uttrykte seg på tradisjonelt vis. Bøkene deira har vorte lest og populære også i Norge. Fleire bøker er kjende mest som film.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Frå denne perioden møter vi amerikansk litteratur. Frå tidlegare er det helst europeisk litteratur vi kjenner.
Ernest Hemingway (1899-1961). Hemingway deltok i første verdskrig og på det grunnlag skriv han fleire bøker, m.a.: - ”Og solen går sin gang” (The Sun Also Rise– 1926) om den er det sagt at den vart eit signalement på den fortapte generasjon. Kva verdiar skal ein leve vidare på? Ein del av handlinga er lagd til ein fiesta i Pamplona i Spania (Der oksar og menneske spring i gatene – og som vi årleg ser bilete frå på fjernsynet) - I boka ”Farvel til våpnene” (A Farewell to Arms–1929) fortel han indirekte om sine opplevingar frå eit ambulanse-korps i Europa under 1.verdskrig.
- I ”Klokkene ringer for deg” (For Whom the Bell Tolls – 1940) skriv han om den spanske borgarkrigen. Dei to sist nemde
bøkene er filma.
Hemingway vart ei legende i levande live. Kjend som macho-man , kvinnebedårar og storbrukar av rom og cola. Etter 2.verdskrig bodde han i mange år på Cuba. 2.juli 1961 tok han sitt eige liv
|
|
|
 |
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Filmen ”The Great Gatsby” (Den store Gatsby - 1974) med Robert Redford og Mia Farrow i hovudrollene,er det mange som har sett. Handlinga er lagd til 1920–åra i USA, rett før børskrakket.
Filmen skapte ein motetrend og bygg på ei bok av den amerikanske forfattaren Scott Fitzgerald (1896-1940). Om han er der sagt at han vart sentral for amerikansk litteratur, men først etter sin død.
|
|
 |
|
Når ein ser på desse tre forfattarane som no er nemde frå amerikansk litteratur ser ein korleis historia og litteraturen heng saman. Hemingway og Scott Fitzgerald tek for seg 1920-åra. ”The Roaring Twenties” er også perioden kalla. Steinbeck tar opp depresjonstida.
Alle har vi hørt om
”Tatt av vinden” (Gone With the Wind–1936) enten det gjeld boka eller filmen. Filmen samla fulle hus overalt. Også i
Norge vart den ein suksess. Boka har vorte kalla ”århundrets salgsuksess”, og det var forfattaren Margaret Mitchells som stod bak den.
Kanskje er denne romanen den amerikanske litteraturtoppen frå denne
perioden. I alle fall når det gjeld å nå eit stort internasjonalt publikum.
|
 |
|
Modernismen i litteraturen er eit kjenneteikn for perioden. Frå amerikansk litteratur har vi Gertrude Stein og Erza Pound.
Gertrude Stein(1874-1946) eksprimenterte med språket når ho skreiv. Ho leikte med orda.”En rose er en rose er en rose” er eit sitat frå henne. Gertrude Stein var av rik familie og ho er vel mest kjend for å halde ope hus
for alle slags kunstnarar i Paris. Både amerikanske og europeiske. Picasso malte eit kjent bilete av henne.
Erza Pound (1885-1972) var lyrikar. Han bodde mykje av livet sitt i Europa og samarbeida med andre forfattarar.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Modernismen vaks i hovudsak fram i Europa. Storbritannia si rolle vart endra etter første verdskrig. Politiske hendingar set sine spor også hos forfattarane.
James
Joyce (1882-1941) eigentleg frå Irland, gav i 1922
ut romanen ”Ulysses”. Det er sagt at han med denne boka skapte
den moderne roman.
Den har lite handling på den måten at alt i boka skjer på ein dag og ein kveld. I ein roman er vi vant med at handlinga er
kronologisk oppbygd. Først skjer det, så det og til slutt det. I ”Ulysses” møter vi hovudpersonen sine tankar, innfall og kjensler som kjem og går i hovudet hans. Ein slik måte å skrive på har blitt
kalla ”the stream of consciousness”.
Virginia Wolf (1882-1941) brukte og ”the stream of consciousness” for å få fram det ho ville i sine bøker. For oss er vel Virginia Woolf mest kjend gjennom filmen ”Who is afraid of Virginia Woolf” med Elisabeth Taylor og Richard Burton i hovudrollene.
|
|
|
|
|
 |
 |
|
Ein meir tradisjonell forfattar er D. H. Lawrence(1885-1930) Hen er kjend for boka ”Lady Chatterleys Lover” frå 1928.
I denne boka skriv forfattaren nokså ope om sex. Dette var ikkje kvardagskost på denne tida og delar av boka var ikkje med då den kom ut. Først i 1960, etter ei rettsak, vart heile boka frigitt i
England.
|
|
 |
|
Kulturlandet Tyskland
kom i ein vanskeleg situasjon etter første verdskrigen. Landet fekk skulda for å ha sett i gang krigen, og då den var over oppstod ei svært vanskeleg økonomisk tid for landet. Mellom 1920-1922 hadde Tyskland ein kjempeinflasjon. Skulle ein tysker kjøpe seg eit kålhovud måtte han ha med ei trillebår med pengar for å kunne betale. Mellomkrigstida i Tyskland har vorte kalla Weimarrepublikken.
Også menneska i Tyskland var sterkt påverka av krigen. Skulle forfattarar, eller malarar, fortelle om opplevingane sine vart dette sterke personlege uttrykk.
Ekspresjonisme er eit kunstord for dette.
|
 |
|
Etterkvart som tida går og situasjonen roar seg for tyskerane byrjar dei å sjå med meir realistiske auge på kva som hadde skjedd med dei. Dei kalla dette ”Die neue Sachlichkeit” – å bli sakleg på nytt. Dette gjeld særleg innanfor litteraturen.
I 1929 kjem boka ”Im Westen nichts Neues” av forfattaren Erich Maria Remarque (1898–1970) Hos oss er boka kjend under tittelen ”Intet nytt fra Vestfronten”. Her fortel han om korleis den menige soldaten hadde det i skyttargravene under krigen. Boka
vart svært populær - over heile verda.
Kor vanskeleg det var å leve i Tyskland rett etter første verdskrigen får vi eit innblikk i gjennom boka ”Kleiner Mann - was nun?” (Hva nå – lille mann, 1932) av Hans Fallada. Fallada var ein heller mislukka forfattar, men denne boka gjekk i kjempeopplag. I USA vart boka kåra til månadens bok då
ho kom ut. Boka var utgangspunktet for ei kjempepopulær TV-serie som vart vist i Norge i 1970.
|
|
|
 |
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
I 1928 kom den første suksessen hans. Stykket ”Tolvskillingsoperaen” slo godt an over heile Europa. Musikken i stykket, som var laga av Kurt Weil,
var ei blanding av harde jazzrytmerog rolige melodiar. Dette vart populærmusikk i Europa. Eit anna kjent stykke er ”Mutter Courage” frå 1939. Dette stykket skreiv Brecht i eksil. Han var ein av dei
første kulturpersonane som rømde unna nazistane. Ein marxist vart ikkje godteken i Nazi-Tyskland. Etter krigen slo han seg ned i Aust-Tyskland der han starta det kjende Berliner Ensemble saman med kona si, skodespelaren Helene Weigel. Brecht skreiv og lyrikk.
|
|
 |
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
En lesende arbeiders spørsmål
Hvem bygde Tebe med de sju portene? I bøkene står kongenavn. Har kongene slept på murblokker?
Og Babylon, ødelagt så mange ganger: Hvem gjenreiste Babylon så mange ganger? Lima strålte av gull: Hvor bodde bygningsarbeiderne i Lima? Den kinesiske mur ble endelig ferdig:
Hvor gikk murene da? Det store Roma er fullt av triumfbuer: Hvem satte de opp? Over hvem triumferte de? Og i sagnenes Bysants: Bodde alle i slott? Selv i sagnenes Atlantis brølte de drukne
på sine slaver den natten da havet kom.
Den unge Alexander tok India: Han alene? Cæsar slo gallerne. Hadde han ikke engang med seg en kokk? Filip av Spania gråt da hans armada
gikk under: Var det ingen andre som gråt? Fredrik den andre seiret i sjuårskrigen. Hvem seiret bortsett fra han?
På hver side: en ny seier. Hvem kokte seiersmaten?
Hvert tiår: en ny stor mann. Hvem betalte regningen?
Så mange historier. Så mange spørsmål.
Bertolt Brecht Til norsk ved Georg Johannesen
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Men vi veit kva som etter kvart skjedde i Tyskland.
Nazistane kom til makta,og då kunne ikkje forfattarane skrive kva som helst! Dei innførte sensur. Den som ikkje godtok den nazistiske tankegangen vart kasta i fengsel. ”Mot forfall og moralsk nedbryting, for disiplin og moral i familie og stat” sa nazistane og arrangerte store bokbål rundt om i landet.
Dei forfattarane som ikkje ville godta sensur og einsretting rømte til utlandet, til andre europeiske land eller til USA. Etterkvart som Nazi-Tyskland erobra andre europeiske land,
måtte desse forfattarane ofte slutte å skrive eller røme vidare.
|
 |
|
Frå fransk litteratur må ein nemne Marcel Proust(1871-1922)
Hovudverket hans er romanserien ”På jakt etter den forsvunne tid”. Serien er på 8 band og kom ut i tidsrommet 1913-1927. Bøkene fortel om forfattaren sitt liv fram til han set seg ned og byrjar å skrive på serien. Ein serie som fortel historia om korleis og kvifor den har vorte til.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Boka ”Prossesen” er kåra til den viktigaste boka i det nittande hundreåret. Ho er skriven av tsjekkaren Franz Kafka(1883-1924) Han var av jødisk slekt. ”En eller annen må ha ført falsk vitnesbyrd mot Josef K., for en
morgen ble han arrestert uten å ha gjort noe galt”. Slik startar boka. Ho handlar om K som prøver å finne ut kvifor han er arrestert. Kven har arrestert han, kva har han gjort? På slutten av boka vert K
drepen, utan at korkje K eller lesaren får vite kvifor . Kafka var oppteken av Sigmund Freud og hans tankar om draumetyding, og han såg på psykoanalysen som eit middel for kunstnarleg utfalding.
”Prossesen” kom ut i 1925 etter at Kafka var død, mot hans vilje. Boka har i ettertid påverka europeisk litteratur. Etter andre verdskrigen vart Kafka brukt til kanskje å gi eit svar på ei absurd
verd.
|
|
|
 |
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
I 1928 kom romanen ”Stille flyter Don” ut i Sovjetunionen. Boka var skriven av Mikhail Sjolokhov (1905-1984 ) Han skriv om tida etter den russiske revolusjonen. (Sjå historiedelen) Boka handlar om Don-kosakkane og deira rolle under revolusjonen. Don-kosakkane var i tsartida viktige
for tsaren sitt kavaleri, og vart ofte brukt mot menneska i Russland som ville ha revolusjon. Dei var kjende for å vera spesielt brutale.
|
|
|
|
 |
 
|
|
”Du søkte en blomma och fann en frukt. Du søkte en kalla och fann ett hav. Du søkte en kvinna och fann en sjal. Du ar besviken.”
|
|
|
 |
|
Underhaldningslitteratur og krim: Mordgåter var populær lesnad då som no. Agatha Christie (1891-1976 ) var krimdronninga. Hennar heltar, Miss Marple og Hercule Poirot, er populære den dag i dag. Når dei løyser mordmysterium i
”Detektimen” ein fredagskveld, er det mange som benkar seg framfor TV-apparatet. Dei populære bøkene hennar har vorte til film og TV-seriar. Nemnast kan ”Mord på Nilen” og ”Mord på Orientekspressen”. Introduksjonen
til TV-seriane om Hercule Poirot er fantastisk flott laga. Den viser oss noko av tidsånda i den perioden vi no held på med.
|
 |
|
 |
|
 |
|
|
|
Heile verda les teikneseriar! Ein påstand som held - kanskje? Mange av dei kjende teikneseriane vert skapt i mellomkrigstida. Ein kan nemne:
Tarzan 1929 Tintin 1929
Mickey
Mouse 1930 Mikke Mus var den første figuren
Walt Disney skapte.
Dick Tracy 1931 Denne serien var utgangspunkt for spelefilmen med same namn.(1990) Hovudrolla vart spela av Waren Beatty. Madonna
hadde den leiande kvinnelege rolla.
Fantomet
1936
Donald Duck 1936
Supermann 1938 ( last ned og sjå videoar!)
Batman (Lynvingen) 1939 Rundt 1990 vart det laga fleire spelefilmar med denne teikneserien som utgangspunkt. ( last ned og sjå videoar!)
Fleire norske seriar kom og til i denne tida:
Nils og Blåmann 1927
Jens von Bustenskjold 1935 Smørbukk 1938
Teikneseriar har ei svært stor lesargruppe. I dag er teikneserien brukt som eit akseptert kunstuttrykk.
Kiosklitteratur eller trivial-litteratur er uttrykk som er brukt om både teikneseriar, krim og visse kjærleiksromanar eller seriar. Fleire av dei bøkene som vert sett på som høgverdig litteratur kan til
tider vera vanskeleg å lesa. Heldigvis kan trivial-litteratur vera både lærerik, spennande og interessant.
|
|
|
|
|
|